Exit fullscreen

Hovding friidrett tilbyr bedrifter å profilere sitt samfunnsengasjement med følgjande produkt som kan teiknast enkeltvis eller samla:



Arenareklame Leikvanghallen
Hovding friidrett har einerett på salg av arenareklame i Leikvanghallen på vegne av Hordaland friidrettskrets og regulert av huseigar Bergen kommune. Inntektene går i si heilheit til idrettsarbeid i Bergen og Hordaland gjennom ein fordelingsnøkkel til Hovding friidrett og Hordaland friidrettskrets samt Bergen Idrettsråd.

Klubb-sponsor Hovding friidrett
Gjennom profilering på klubbkolleksjon og all kommunikasjon vil di bedrift og ditt bodskap bli assosiert med klubbens sunne verdiar og lokale engasjement.

OL-sponsorlaug
Hovding friidrett ønskjer å støtte noverande og tidlegare utøvarar til å nå sine sportslege mål i samarbeid med sponsorar.

Vår fremste utøvar dei siste åra, Naomi Van den Broeck (f 1996), fekk sitt internasjonale gjennombrot i 2015 med finaleplass på 100m i U20 EM. Naomi er også tatt inn på det belgiske landslaget og har OL-deltaking som både kort- og langsiktig mål. Naomi bur i Åsane og representerer vår samarbeidsklubb Gular i norsk junior/senior-samanheng, men trenar med Hovding-trenar Oddgeir Larsen.

Markedskomite: Clint Sookermany, Christian Skjoldli, Kjetil Bruvik (ansv.)
Powered by: Bloc