Exit fullscreen

INNMELDING/TIDER

Våre treningsgrupper og trenarar:

7 - 10 år (Rekr): Petter Holum, Pål Tuft-Johannesen, Eirin Larsen (ansv.)
11-12 år (Gr 1): Øystein Aadland, Hilde Weir (ansv.)
13 år (Gr 2): Efraim Kanestrøm, Christian Skjoldli, Erlend Sæterstøl (ansv.)
14-15 år (Gr 3): Svein J. Brekke, Kjetil Bruvik, Rune Tuft (ansv.)
+15 år (Junior): Oddgeir Larsen (+ evt Gular)

Sportsleg ansvarleg: Erlend Sæterstøl


Styret: Anita Sookermany, Øystein Aadland, Hanne-Siri Helland og Hilde Weir


Epost: hovding.friidrett@gmail.com


Alle trenarar i Hovding friidrett har utdanning innan Norsk friidrett.
Styremedlemmer og trenarar må ha gyldig politiattest. Ansvarleg: Øystein Aadland.

Felles treningstid:
Mandagar og torsdagar kl 18-19.30
Ekstra for Gr 2+3: Tirsdagar kl 18-20
Junior: Fleire dagar i veka etter nærare avtale.


April - sept.: Leikvang stadion, okt. - april: Leikvang friidrettshall


Innmelding
Etter tre prøvetreningar blir du medlem i Hovding friidrett og får mange fordelar, bl.a:
• tilgang til Leikvang friidrettshall
• treffe andre treningsglade på samme alder
• eit positivt idrettsmiljø i ditt nærområde
• treningar, samlingar og reiser til konkurransar


Hovding friidrett er ei gruppe i T&IL Hovding som driv barne- og ungdomsarbeid i Åsane bydel. Vaksne medlemmer og støttemedlemmer er også velkomne.

Innmelding: minidrett.no. Du treng brukarprofil og kan deretter opprette medlemsskap i T&IL Hovding, gruppe friidrett.



Som medlem får ein også plikter:


1) Dugnad
Friidrettsgruppa er avhengig av dugnadsinnsats av føresette/vaksne medlemmer. Det vil seie å stille opp iht dugnadsliste på våre eigne stevner. Dess fleire som er med, dess mindre arbeid vert det på kvar. Altså ingen kakelotteri el.l, men stevneførebuingar, ei vakt på kaféen, i lengdegropa eller ved datamaskina.


2) Lover og reglar
Som medlem må du forholde deg til idrettens lover og retningslinjer. Me stiller krav til at du behandler dine lagkamerater/-venninner med respekt, på samme måte som du forventer at andre gjer med deg. Dine motstandarar, dommarar, leiarar og trenarar skal du også møte med respekt – utan dei vert det ikkje trening eller konkurranse.


3) Informasjon
Me brukar hovdingfriidrett.no som einaste informasjonskanal. Alle registrerte epost-adresser i feltet under får varsel pr epost når nye saker vert lagt ut. Evt hastemeldingar, t.d avlysing av trening, vil bli forsøkt sendt pr SMS.


Skriv inn epost-adresse i nyhetsbrevlinken på forsiden. Levert via MailChimp


4) Stevner
Foreldre og eldre utøvarar er sjølv ansvarleg for online påmelding til stevner. Stevner me prioriterer og anbefalar finn du på nettsida vår (kalender). Yngre utøvarar treng sine føresette på stevner for avkryssing, henting av startnummer og å møte til start til rett tid. Klubben anbefalar og dekker startkontingent for to øvelsar pr stevnedag, evt etterpåmeldingar og ubenytta påmelding må utøvar/føresett sjølv dekka.


Gyldig lisens (forsikring mm) er pålagt for alle utøvarar fom. 13 år som deltek på stevner, og kjem i tillegg til medlemskontingenten under. Les meir her.


5) Medlemskontingent
Treningsavgift (av dette går kr. 250,- til hovedlaget som medlemskonting):
Utøvar under 15 år: kr. 800,-
Aktive 15-19 år: kr. 1000-
Støttemedlem: kr. 350,-

#mc_embed_signup{background:#fff; clear:left; font:14px Helvetica,Arial,sans-serif; } /* Add your own MailChimp form style overrides in your site stylesheet or in this style block. We recommend moving this block and the preceding CSS link to the HEAD of your HTML file. */ #mc_embed_signup{background:#fff; clear:left; font:14px Helvetica,Arial,sans-serif; } /* Add your own MailChimp form style overrides in your site stylesheet or in this style block. We recommend moving this block and the preceding CSS link to the HEAD of your HTML file. */
Powered by: Bloc